Klæan våre

om draktskikken i Nord-Østerdalen

Klæan våre
Klæan våre
  • Forfatter: Helga Reidun Bergebakken Nesset
  • Format: Innbundet
  • Antall sider: 207
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Magasinet bunad AS
  • Nivå: Voksen
  • EAN: 9788269074499
  • Kom i salg: 4. jan. 2021
  • Utgivelsesår: 2020
  • Andre medvirkende: Nesset, Helga Reidun Bergebakken (for)
  • Utgave nr.: 1
Se flere produktegenskaper
Tilbudspris 391,- Ordinær pris 450,-

Kjøp på nett

Tomt på Nettlager. Sjekk klikk og hent
«Klæan våre» er ei reise gjennom draktskikken i Nord-Østerdalen frå tidleg på 1700-talet til omkring 1880. Den tradisjonelle draktskikken tilhøyrer det førindustrielle samfunnet, og går ut av bruk i slutten av 1800-tallet.

Forfattaren har i fleire tiår fordjupa seg i dette emnet. Gjennom arbeidet innan museumssektoren, og like mye som interessefelt på fritida, er tekstil og tradisjonell draktskikk blitt eit spesialområde.

Jordbruk, februk og gruvedrift var næringsgrunnlaget i Nord-Østerdalen på 17 og 1800-tallet. Dette var avgjerande for levesettet hjå folk flest. Økonomi og sosiale forhold spela sterkt inn. Dei stedeigne kledraktene får stadig impulsar utanfrå som fører til ei endring i draktskikken over tid.

Klede til kvardag, helg og høgtid følgjer oss gjennom livets og årets faser. I løpet av dei omlag 200 åra har draktskikken gått gjennom seks stilepoker. Boka er delt inn i stilperioder der plagg for plagg blir presentert og sett inn i ein kontekst. Dette fører oss fram til kapitlet «tradisjon og tolkning», - ein presentasjon av rekonstruerte kvinnedrakter, brureutstyr og drakter i historiske tablå.