- Format: Innbundet
- Antall sider: 294
- Språk: Nynorsk
- Forlag/Utgiver: Det Norske Samlaget
- Nivå: Voksen
- EAN: 9788234004377
- Kom i salg: 19. feb. 2021
- Utgivelsesår: 2021
- Andre medvirkende: Totland, Anders (for)
- Utgave nr.: 1
- Emnekategori: Politisk aktivisme, Vindkraft
Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år?
Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis,
Kvinnheringen og Sunnhordland.
Kilde: bokelskere.no. Terningkast 5 og 6 er slått sammen til 5 stjerner. Se lesernes omtaler av denne boka.