Your company account is blocked and you cannot place orders. If you have questions, please contact your company administrator.

For ope hjarte

noveller

E-bok
Nynorsk
For ope hjarte
For ope hjarte
  • Innbinding: E-bok
  • Forfatter: Anna Gavalda
  • Språk: Nynorsk
  • Forlag/Utgiver: Samlaget
  • EAN: 9788252195774
  • Kom i salg: 9. apr. 2019
  • Utgivelsesår: 2019
  • Filformat (E-bok): EPUB
  • Emnekategori: Moderne litteratur, Noveller, Skjønnlitteratur som er oversatt
Se flere produktegenskaper
188,-

Format

Kjøp på nett

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).
Sju historier om sorg og kjærleik i uventa og underfundige møte med nye menneske. Ein langtransportsjåfør ringer og ber om fri frå jobb. Han skal få hunden sin avliva - den trufaste følgjesveinen hans gjennom mange år. Ei sørgjande og alkoholisert enke og tobarnsmor blir trollbunden av ei kvinne på bar som sjølv er fanga i kjærleiken til ein mann som aldri vil gå frå kona si. Ein storbedriftsleiar skriv brev til den døde naboen sin frå eit hotellrom i Seoul, og ei ungjente frå Paris aust møter ein rikmannsgut som drøymer om å bli poet. Ho veit ho alltid vil ha kjærleiken frå dyra ho arbeider med - men kan ho stole på kjærleiken frå eit anna menneske?

Vi møter menneske i ulike samfunnslag og livssituasjonar, to kvinner og fem menn - som alle ber med seg ei eller anna form for sorg eller einsemd, og som no gjer eit forsøk på å opne seg for andre. Gavalda viser nok ein gong at ho har eit eige tak på å skildre menn. Ei gripande, humoristisk og særeigen bok, i eit finurleg og usentimentalt språk frå forfattaren av Saman er ein mindre aleine. Boka var kortlista til The Grand Prix of Literary Associations i 2017.