Foto: Bent R. Synnevåg

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) fikk sitt store gjennombrudd med Få meg på, for faen i 2005. Boken brøt tabu tilknyttet ungdom og seksualitet og ble definerende for en hel generasjon. Siden den gang har hun skrevet bøker i mange sjangre og markert seg som en uvanlig og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som hun fikk Brageprisen for, forteller hun med en uvanlig åpenhet om det å være mor til et sterkt funksjonshemmet barn. I 2019 gav hun ut det satiriske lesestykket Ikkje tenk på det, om tilstanden i norsk bokbransje, og samme året fikk hun Doblougprisen for forfatterskapet sitt.

Yt etter evne, få etter behov  har vunnet ein rekkje priser, nyleg Fritt ords pris og P2-lyttaranes romanpris.

 

Yt etter evne, få etter behov

VINNAR AV P2-LYTTERENS ROMANPRIS!

Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer?

I Yt etter evne, få etter behov får vi eit innblikk i kvardagen til ein heilt vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Lea ligg i senga og spelar Hay Day på iPaden og lurer på om ho har ME. Søstera Rakel balanserer på stram line, med åleineomsorg for psykisk utviklingshemma Benjamin, som Lea ikkje makta å vere mor for lenger. Mor til søstrene, Gudrun, er opptatt med å vere der for dottera Linda og hennar familie. Ein dag då Benjamin skal leverast etter eit avlastingsopphald, er ikkje Rakel der for å ta imot han.

Med Yt etter evne, få etter behov har Olaug Nilssen skrive ein humoristisk og alvorleg roman, og ei forlenging av tematikken i Tung tids tale frå 2017: Kven tar ansvaret ingen eigentleg klarer, i vår individualistiske tid? Og finst det balanse i rekneskapen mellom plikt og fridom blant menneska, ikkje minst blant medlemmane i ein familie?

 

 

«Sterk og viktig lesing [...] Et av bokhøstens høydepunkt!»

– Janne Bjørgan, BA

Tung tids tale

Dette er inga heltehistorie. Det er ei kjærleikshistorie. «- Der er bilde av mamma, sa du, frå baksetet. - Kor er mamma? svarte eg, frå framsetet.
Du brukte lang tid på å formulere deg, fordi språket ditt var i ferd med å gå i oppløysing, eller fordi du leitte etter ei poetisk linje. - På øyret til bilen.»

Ein liten gut mistar språket og forandrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, først for å forstå kva som skjer med guten, og så for å få hjelp til å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er plutseleg i ein svært utfordrande livssituasjon, og dei må igjennom lange og utmattande prosessar for å få hjelp. Mødrer skal aldri gi opp, blir det sagt, men kva er aksept, og kva er å gi opp? Tung tids tale er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn. Om kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta han og familien treng.

Opplesing: Olaug Nilssen

 

«Tar pusten fra leseren.»

– Guri Hjeltnes, VG


Skrevet om bøkene til Olaug Nilssen

 

«Sylskarpt familieportrett [...] Ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer [...] svært underhaldande»»- Marta Norheim, NRK ...»

Marta Nordheim, NRK Yt etter evne, få etter behov

 

«Noko av det beste som er skrive av tenåringsskildringar i norsk litteratur.»
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid

Merete Røsvik Granlund, Dag og tid om Få meg på, for faen

 

«Tar pusten fra leseren»

Guri Hjeltnes, VG om Tung tids tale