Juleheftet i år er det femte i rekkja, og det følgjer den faste oppskrifta ei blanding av soger frå avsidesliggjande gardar og grender, med vekt på julehistorier, og artiklar om andre emne som høyrer jula til, som julesongen, julestjerna og julegåvene. Du kan lese om: beviset på at det lyste ein stor lekam på nattehimmelen over Betlehem på den tid Jesus vart fødd. Korleis er beviset funne, kva slags lekam var det, og kven var vismennene frå Austerland? Brekke-jentene frå den veglause bygda Måren. At dei ein veslejulaftan drog til grannen for å feire jul, og at dei nådde heim att først ved nyttårsleite, er berre ei av mange fornøyelege historier som går om desse tre uvanlege naturborna. jenta som fekk ein vanskeleg start på livet, og som seinare måtte dele hus og heim med ei myndig, men frodig svigermor. Historia om dei to nordnorske kvinnene, Inga jordmor og farlause Karly, er ei historie om to sterke kvinner, og om livsmot og humor midt i ein kravstor kvardag. innsamling av