

NRKs egen litteraturkåring, P2-lytternes romanpris, er den eneste i Norge der juryen diskuterer seg fram til en vinner for åpen mikrofon. Jurymedlemmene er valgt ut blant vanlige lesere som har søkt om å delta. Vinneren kåres den siste uka i februar 2021.
Her er de seks nominerte romanene fra 2020 som er valgt ut av fagjuryen til NRK.
Jerv
Fagjuryens begrunnelse:
Forfattar Ida Fjeldbraaten er oppteken av det dyriske i mennesket og mennesket i dyret i romanen «Jerv». Romanen utforskar dyreparken som overskotsfenomen. Kva skjer på ein slik stad når samfunnet utanfor bryt saman?
Heroin Chic
Fagjuryens begrunnelse:
Ei vond historie om jenta som hadde alt, men veksla det inn med heroin. Dei fleste vil vite at heroin er sterke saker som pregar kropp og sinn, når det likevel er interessant å lese om korleis Elises liv som narkoman artar seg, handlar det om måten ho skildrar korleis det artar seg på.


Adresseavisen


VG
Oppskrittingen av et indre landskap
Fagjuryens begrunnelse:
Ein namnlaus forfattar vandrar gatelangs i Oslo etter innfallsmetoden i romanen «Oppskrittingen av et indre landskap». Han strandar på ein bingokafe, der han kjøper eit særs mislykka karbonadesmørbrød. Terje Holtet Larsen har igjen dokumentert at det ikkje trengst mykje ytre handling for å nagle fast ein lesar.


Stavanger Aftenblad
Yt etter evne, få etter behov
Fagjuryens begrunnelse:
Dette er romanen om Benjamin, ein autistisk gut som skal få plass på institusjon, men som ikkje får det. Han blir det språklause midtpunktet i ein storfamilie som må takle kvardagen som best dei kan. Ein knallsterk roman om kva som skjer når behovet sprengjer alle rammer.


Bergensavisen


VG


Dagbladet


Bergens Tidende
Tollak til Ingeborg
Fagjuryens begrunnelse:
Tollak er eit stort, innestengt nei til urbanisering, digitalisering, pragmatiske justeringar, media, kafebesøk, uforpliktande smalltalk og oppløysing av familieband. Blant anna. Det einaste som kan rokke han, er kjærleiken. «Tollak til Ingeborg» er ei verdig feiring av Tore Renberg sine 25 år som forfattar.


VG


Nettavisen


Bok365
Det uferdige huset
Fagjuryens begrunnelse:
Lars Amund Vaage plantar Gabriel Hauge ned i ei heilt spesifikk tid og i eit tidstypisk åndsklima. Gabriel er bondeson og forfattar med fødselsdato ein gong på slutten av 1800-talet. Kasta inn i ei tid då bondesøner ikkje nødvendigvis blei på garden all sin dag. Dette er klok og vakker prosa, skapt for sakte lesing.


Dagbladet


Bergens Tidende