Tid skapar meining. Vi ser attende på livsløpet og oppdagar at gløymsla som vi trudde berre var negativ, er den som skapar oversikt. Vi ser fram mot slutten - som kjem nærare år for år - og finn meining i at livet må ha ein ende, samtidig som det går vidare for alle dei andre.Ein vert fort framand for tidog stad når ein vert gamal.Men vi kjem attendenår vi får tidpå oss.Roar Gulbrandsen er ein 75-åring som set pris på fridomen i det å vere pensjonist. Dette er den fjerde boka han gjev ut, og han har meir på hjartet, så dette vert nok ikkje den siste.