Sosial rettferd blir rekna som ein kjerneverdi og eit grunnleggjande ideal i vårt samfunn - sosialt, kulturelt og politisk. Dette er ei samla og tverrfagleg framstilling om dette emnet. Første del tek Kva er sosial rettferd, og kva betyr det i det norske samfunnet i dag? Forfattaren viser korleis ulike tenkjarar til ulike tider har definert rettferdsomgrepet, og han gjer greie for ulike prinsipp for fordeling av gode og bører i samfunnet, som t.d. fordeling etter rettar, fordeling etter forteneste og fordeling etter behov. Fleire sider ved økonomisk-materiell ulikskap i Noreg i dag blir også drøfta og relatert til omgrepet sosial rettferd. Boka rettar seg til alle som er interesserte i velferd og fordelingspolitikk.