Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Digital samhandling - Fjordantologien 2020

2020, Pocket, Engelsk

599,-

Trykkes ved bestilling - sendes normalt innen 6 uker
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Boka er sett saman av 19 artiklar frå ei rekke ulike samfunnsområde. Alle handlar om korleis digitalisering påverkar måten vi samhandlar med andre menneske.

Artiklane er innanfor tre hovudtema: Det første omtalar korleis digitalisering påverkar forholdet vårt til omgjevnadane. Her er digitaliseringa eit tviegga sverd. Sosiale medium kan gi auka forståing for kvarandre på tvers av samfunn og kulturar, men viskar ut skiljet mellom det offentlege og det private, og vert brukt til spreiing av usanne faktum. Digitalisering bidreg soleis til å viske ut skiljet mellom kva som er ekte og kva som er konstruert. Det andre hovudtemaet er korleis digitalisering påverkar samhandling og tenester i næringslivet. Her set boka søkelys på korleis ny teknologi vert fortolka og tatt i bruk, men også feiltolka og motarbeidd av dei etablerte aktørane innanfor bransjar og føretak. Teknologiske endringar kan utfordre etablerte maktstrukturar og praksisar, og kan soleis vere ei kjelde til ustabilitet. Bidraga syner på ulike vis at utfallet av møtet mellom det etablerte og dei nye aktørane og praksisane i stor grad vert avgjort av samhandlinga mellom det tradisjonelle og det nye. Det siste hovudtemaet er digital samhandling i skule og høgare utdanning. Artiklane viser at digitale læringsmiddel, undervisingsformer og evalueringsformer skaper moglegheiter, men òg nye utfordringar. Teknologien påverkar ikkje berre kvardagen til elevane, men også skular, høgskular og universitet som institusjonar.

Samla sett syner boka at digitalisering fører til store og gjennomgripande endringar i samfunnet. Dei færraste av desse er enten negative eller positive. Utfallet er i stor grad avhengig av korleis vi samhandlar med den digitale teknologien og med kvarandre.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Erdal, Ivar John (red) ; Halvorsen, Lars Julius (red) ; Rogne, Wenke Mork (red) ; Stokken, Roar (red)
  • Forlag/Utgiver

    Aschehoug
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Engelsk
  • Tittel på originalspråk

    Digital samhandling
  • Utgivelsesår

    2020
  • Antall sider

    395
  • Serienavn

    Fjordantologien
  • Emnekategori

    digitale medier og samfunn, Medievitenskap: Internett
  • Kom i salg

    18. aug. 2020
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788215037387

Kundeanmeldelser

Frakt og levering