Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Kælven - roman

2019, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Om vald, brotsverk, skuld og soning.

«Dei siste daga har je tenkt og tenkt på ei seinsåmmårsnatt je lenge prøvde å glømme.»

Slik opnar forteljaren romanen, der han sit i eit underjordisk kontorlandskap og spissar blyantar, makulerer papir og kokar kaffi til dei andre tilsette. Men innimellom det meiningslause arbeidet får han klort ned nokre namn og setningar, og han manar fram ei soge frå dei hadelandske 1980-åra. I denne soga er Hadeland ein skuggeheim der skrømt, attergangarar, englar og robotliknande skapningar er like naturlege som dyr og menneske av kjøt og blod.

Kva var det som hende den seinsommarsnatta? Kva er det forteljaren har prøvd å gløyme? Og kven er denne Kælven, som blei «slin hælft ihjæl»? Forteljinga går i sirklar og kastar om på hendingar, tid og stad. Kælven og dei andre karakterane - til dømes Ænners, Pærepål, Knutsprut og Beinrangelroger - er som fanga i ein kvervelvind frå «Dantes Inferno».

«Kælven» er ei bondeforteljing, ein westernroman, eit draumkvad, eit eventyr, science fiction og ein svart komedie om vald, brotsverk, skuld og soning.

Anmeldelser av Kælven:

one of the most satisfying books I have ever read
- Ursula Carroll, Lønningspils

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Emnekategori

    Fantasy
  • Kom i salg

    11. okt. 2019
  • Varenummer

    9788234000058

Kundeanmeldelser

Frakt og levering