Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Ein lykkeleg slutt

2021, Lydbok, Norsk Nynorsk
Terningkast 5
Lydbok

Lydbok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned lydboka til PC eller din mobil fra siden Mine lydbøker.

Skjebnen, døden og kjærleiken.

Nicolas er gravferdskonsulent. Ja, faktisk er han den sjuande gravferdskonsulenten i byrået, som har vore i familien sidan 1800-talet. Han nedstammar frå ei rekkje med Christianar, og sjølv om foreldra prøvde å lure skjebnen ved å døype han Nicolas, er han like fullt arveleg belasta.

Det heile startar på 1800-talet då den danske sjømannen Christian 1 tumlar i land på stillehavsøya Tikopia. Her giftar han seg med Konkylie, og dei får to barn. Men på øya der det er plass til berre 989 menneske, er dottera fødd utan løyve og må døy. Ti år gamal ofrar Christian 2 seg for veslesyster si. Han legg ut på ei reise tilbake til røtene, til København - ein skiten, innestengd og pestramma by. Christian, som er van med døden frå heimøya, viser seg som ein stødig hjelpar i saker som har med døden å gjere.

Maren Uthaug fortel med grotesk humor om døden i alle slags fasettar - om epidemiar, nekrofili og spøkelse, om gravferdsritual og nyvinningar i bransjen. Ein lykkeleg slutt er ein fantasifull slektsroman som rommar 200 år med kulturhistorie om døden og minst sju kjærleikshistorier, og viser korleis nokon kan slå seg opp på andre si ulykke.

Anmeldelser av Ein lykkeleg slutt:

5
Forfattaren byr på ei familiesoge av den mest bisarre, morosame, vemmelege, sjokkerande, fargesterke og opplysande sorten [...] For lesarar med sterk mage er det berre å setja hjørnetennene i denne rå romanen
- May Grethe Lerum, Bok365
5
[En] smakløs og utemmet roman som nesten er dødsbra.
- Gabriel Michael Vosgraff Moro, VG
5
Maren Uthaugs dykk ned i dette dødsriket er grundig, grotesk og vel verdt å få med seg.
- Inger Bentzrud, Dagbladet
'Ein lykkeleg slutt' [er] et solid skrevet stykke underholdningsroman
- Even Teistung, Klassekampen
ei original og makabert morosam slektskrønike [...] skriven med godt driv og tett mellom spaningstoppane [...] eit slags barokt eventyr for vaksne [...] ei særs underhaldande bok.
- Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
Å skrive om døden med både innsikt og litterær kløkt slik Uthaug gjer, er ikkje for gud og kvarmann. [...] Ein lykkeleg slutt er ein sjarmerande utemd roman.
- Margunn Vikingstad, Morgenbladet
[R]esultatet er spennande, ekkelt og tankevekkjande. Ja, og lærerikt. Meir kan ein ikkje krevje.
- Marta Norheim, NRK
Et frodig fortellertalent slår til igjen.
- Ole Jacob Hoel, Adresseavisen
Blixen på nattklubb: «Ein lykkeleg slutt» er internasjonal forteljekunst av beste merke [...] Maren Uthaug har skrive ein fabelaktig slektsroman med døden som knagg . Du har garantert ikkje lese noko liknande.
- Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land
Med kompromisslaus vilje til å konfrontera tabu og energisk stil vil ho garantert vinna eit stort publikum også i Noreg
- Sofie Braut, Stavanger Aftenblad

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    Lydbok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Emnekategori

    Slektsromaner
  • Kom i salg

    26. feb. 2021
  • Varenummer

    9788234006692

Kundeanmeldelser

Frakt og levering