Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Når musikken tek form - om skapande praksisar i musikk

2025, Pocket, Engelsk

449,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Musikk blir skapt til ulike formål, i ulike rom, av ulike aktørar og i prosessar der eit mangfald av metodar, materiale, teknologiar og formidlingsformer blir tekne i bruk. Vidare kan skapande praksisar handle om musikk som partitur eller skrift, musikk som innspelt eller levande lyd eller musikk som utøvande, improvisert eller kroppsleg handling. Men kva kjenneteiknar eigentleg dei måtane musikk blir skapt på i Noreg i vår tid?

I tolv artiklar undersøker Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk korleis og innanfor kva kontekstar musikk blir komponert, skapt og produsert i dag. Særleg tre tematikkar gjer seg gjeldande i dei skapande musikkpraksisane som artiklane tek føre seg: i) utvikling, utviding og utforsking av forståingar og arbeidsmetodar, ii) samskaping og kollektive skapingsprosessar og iii) musikkteknologiske praksisar.

Artiklane studerer musikk både innanfor og på tvers av ulike musikkfelt, fagtradisjonar og musikksjangrar, inkludert folkemusikk, improvisasjon, popmusikk, musikkteknologi, samtidsmusikk, tidlegmusikk, partiturmusikk, elektroakustisk musikk og postakusmatisk musikk. Detaljerte skildringar av arbeidsmetodar og kompositoriske strategiar blir kombinerte med studiar og diskusjonar som undersøker overordna perspektiv på omgrepsforståingar, utviklingstrekk, tradisjonar og kulturelle og samfunnsmessige forhold.

Når musikken tek form. Om skapande praksisar i musikk spring ut av forskingsprogrammet Skapende praksiser i musikk (2021-2024), som er igangsett av Kulturrådet.

Produktegenskaper

  • Bidragsyter

    Duch, Michael Francis (red) ; Hagen, Anja Nylund (red) ; Nærland, Torgeir Uberg (red) ; Solberg, Ragnhild Torvanger (red)
  • Forlag/Utgiver

    Fagbokforlaget Akademisk
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Engelsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    489
  • Kom i salg

    4. mars 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788245047240

Kundeanmeldelser

Frakt og levering