Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Sorg og song - tankar om forteljing : essay

2016, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

«Eg dveler ved skapingssoga for Syngja fordi eg trur ei slik soge kan kasta lys over kva litteratur er. Kastar me lys over kva litteratur er, kan det henda at me også ser eitkvart om sjølve språket. Ikkje minst trur eg soga om boka, forteljinga om forteljinga, kan seia noko om kva forhold me som samfunn har til avvik og dei svake»

Då romanen «Syngja» kom ut i 2012, vart han møtt med strålande meldingar frå samstemte kritikarar, og for boka vann Vaage Brageprisen. Men «Syngja» var også boka forfattaren ikkje trudde han kunne skriva. Med denne romanen som utgangspunkt drøftar Vaage korleis livsrøynsler kan gjerast om til språk og litteratur, og kva som kan hemma eller drepa slike uttrykk. Hindringane kan verka uoverstigelege når temaet er eit lidande barn.

Er det slik at det språklause barnet er omgitt av språk som ikkje kan dekka eller forklara livet hennar? Blir til og med diktaren stum når han lever i det språkleg fattige hjelpeapparatet? I «Sorg og song» fortel Lars Amund Vaage om korleis det kan opplevast når diktinga vert møtt som vedkjenningslitteratur. Han viser ikkje berre korleis han nærmar seg autismen i tidlegare bøker, men òg korleis det språklause gjeld alle menneske. Ikkje minst skriv han om å skriva: om å gi ord til det ordlause.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Vaage, Lars Amund (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forlaget Oktober
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2016
  • Antall sider

    211
  • Emnekategori

    Autisme og Aspergers syndrom, Litteraturstudier: skjønnlitteratur og forfattere, Litterære essay
  • Kom i salg

    13. jan. 2016
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788249515721

Kundeanmeldelser

Frakt og levering