Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Om dyr og syn ; Om søvn og mørke ; Om livet på jorda

2025, Pocket, Norsk Nynorsk

269,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

I romanane Om dyr og syn, Om søvn og mørke og Om livet på jorda, som går føre seg på ei øy i ytre Nordhordland og i Bergen frå 1960- til 90-talet, har Tormod Haugland med sterk forteljeglede, underfundig humor og stor fridom i assosiasjonane skapt ei original form for sjølvbiografisk dikting. Her følgjer vi odelsguten Tormod frå barndommen gjennom ungdomstida fram til vaksenlivet. Tormod er fødd til å ta over garden han veks opp på, men ein stad på vegen endrar livet retning. Han tek kunstutdanning, sel garden og vert forfattar. Det handlar om draumar, om ansvar og fridom, om kunst og natur, om tilhøvet mellom dyr og menneske, levande og død, og om at eit liv kan forteljast i mange ulike versjonar.

Tormod Haugland (f. 1962) debuterte med romanen Under i 1994 og har sidan gjeve ut romanar, noveller, dikt og dramatikk. I 2021 var Haugland Festspeldiktar ved Dei litterære festspela i Bergen.

For romanane Om dyr og syn (2017), Om søvn og mørke (2019) og Om livet på jorda (2021), som her er samla i eitt band, har Tormod Haugland hausta strålande kritikkar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Haugland, Tormod (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forlaget Oktober
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    653
  • Serienavn

    Tormod
  • Serienummer

    1-3
  • Emnekategori

    Biografisk skjønnlitteratur, Narrative emner: oppvekst
  • Kom i salg

    9. jan. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788249529490

Kundeanmeldelser

Frakt og levering