Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Frå null til no - roman

2001, Innbundet, Norsk Nynorsk
Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
I dag skal eg snakke med Siri. Skjenke te og fortelje henne kvifor eg trur det blei slik. Sende henne kjeks og seie at eg veit, at mormor har sladra. Eg skal ete ein kvart Hobnobs for å halde henne med selskap, ete bitte små smular og forklare at ingenting kjem til å bli som før. Eg veit, og det kan ikkje lenger vere ho og eg for alltid. Seie det slik det er, seie det til Siri, rett i fjeset på henne, høfleg og bestemt. Eg øver meg. Det er Jo som talar i denne boka. Ho er fotballtalentet, skolelyset, lærardottera som aldri har sett far sin, og som gjer alt ho kan for å leve opp til forventningane frå mora. Jo er seksten og skulle ha vore elev på vidaregåande, men no har livet gått i stå for henne. Ho et ikkje. Frå rommet sitt på ein institusjon tenkjer ho gjennom livet sitt og prøver å samle krefter til det ho veit ho må gjennomføre: eit oppgjer med mor si. Frå null til no er ei historie om løgner som går i arv, om tre generasjonar kvinner og om å bli eit heilt menneske. Ragnfrid Trohaug debuterte med Okkupert kjærleik i 2000. For boka fekk ho Blix-prisen og Kulturdepartementets debutantpris for barne-og ungdomsbøker.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Trohaug, Ragnfrid (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2001
  • Antall sider

    195
  • Serienavn

    Samlaget roman
  • Emnekategori

    Skjønnlitteratur for barn og ungdom og sanne historier
  • Nivå

    12-16
  • Varenummer

    9788252158700

Kundeanmeldelser

Frakt og levering