Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Det andre namnet - roman

2019, Innbundet, Norsk Nynorsk
Terningkast 6
40%
Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Første bok i storverk frå Jon Fosse.

Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er venner og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.

Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling
på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han vennen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og blir lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for vennen som er innlagd, han tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snølagde vegar.

Det er adventstid. Kvart år reiser Åsleik med sjarken for å feire jul med søstera si. Asle blir alltid invitert med, men takkar alltid nei. Denne jula vil Asle for første gong bli med på julefeiring hos søstera.

Livet til dei to Aslane blir fortalt både gjennom tilbakeblikk og gjennom ei notidshistorie. I dette første bandet av Septologien handlar tilbakeblikka om barndommen. Det handlar om Asle og søstera, fjorden og alle farar, men også om ein nabogut som blei borte på sjøen.

«Septologien» er ei suggererande og storslått forteljing om kva kunst er, om Gud, alkoholisme, vennskap og tida som går. Det handlar om døden, men også om kva det vil seie å vere i livet, om varmen frå ein hund, gleda ved bilkøyring i snø og kor godt det kan smake med egg og flesk.

Anmeldelser av Det andre namnet:

6
Når siste ord er lest, får jeg lyst til å lese boken en gang til.
- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende
6
lysende litteratur
- Terje Eidsvåg, Adresseavisen
6
Terningkast sju: Fosse i full fyr [...] Jon Fosses prosa har så mykje musikk i seg at det kan gje meining å telle takter
- Vidar Kvalshaug, Bok365
5
Bare Jon Fosse kan dikte slik! [...] Jon Fosse kan skildres som en lyriker som skriver romaner og skuespill. Derfor kan han også behandle så esoteriske temaer som gudstro og kunstnerisk streben etter det fullkomne uten at det blir kleint.
- Sindre Hovdenakk, VG
Jon Fosse (1959, debut 1983) er eit fenomen og noko for seg sjølv i norsk litteratur. [...] Fosse gjer det suverent i sin særmerkte, enkelt bølgjande, suggererande stil.
- Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
En herlig fest uten punktum
- Knut Hoem, NRK
Mesterlig fra Jon Fosse [...] «Septologien» er et nytt storverk fra Jon Fosse
- Marius Wulfsberg, Dagbladet

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Fosse, Jon (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Antall sider

    513
  • Serienavn

    Septologien
  • Serienummer

    I-II
  • Emnekategori

    Håndtere narkotika- og alkoholproblemer, Moderne litteratur, Narrative emner: indre liv
  • Kom i salg

    29. aug. 2019
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252196177

Kundeanmeldelser

Frakt og levering