Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Lausgjengar - notat frå eit ustadig liv

2021, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

«Lausgjengar»skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten - etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik - skaper forfattarenein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet. Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Ho er ingen intellektuell forfattar, ingen sofistikert, høglitterær stilist, men skriv i eit språk som verkartilforlateleg og folkeleg der ho kombinerer modernisme med munnlegforteljarstil. Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.FumikoHayashi (1903-1951) er ein av dei mest folkekjære forfattarane i moderne japansk litteratur. Ho vaks opp som barn av to omstreifandekremmarar og levde frå hand til munn til ho var langt opp i tjueåra. Ho fekk lite skulegang, men byrja skrive litterært allereie som tenåring. Hayashi vart med i ein radikal kunstnarkrets i Tokyo, med anarkistar og dadaistar som ville fornye kunsten og braut med konvensjonar. I verka sine kombinerte Hayashi det avantgardistiske med det folkelege, og ho skildra fattigdom, krig og kjærleik fråeitkvinneleg perspektiv.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Skald
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Emnekategori

    Fattigdom og arbeidsledighet, Kjønnsgrupper: kvinner og jenter, Moderne litteratur, Narrative emner: sosiale spørsmål
  • Kom i salg

    19. juni 2021
  • Varenummer

    9788279593294

Kundeanmeldelser

Frakt og levering