«Barnas verdshistorie er ei viktig bok som gir barn tilgang til verdshistoria på ein måte som er pedagogisk, poetisk og politisk medviten. Ho viser korleis barn har blitt forstått og behandla gjennom tidene, og korleis barn si stilling har endra seg i takt med teknologisk og samfunnsmessig utvikling.
Ho tek barn på alvor – både som lesarar og som historiske aktørar.»
- Juryens grunngjeving, Brageprisen 2025
«Dette er ei nydeleg, påkosta og godt fortald bok som vil appellere og gje nærleik til ei til dels fjern historie for nye lesarar. […] Erna Osland og Victoria Sandøy lukkast med å framstille komplekst historisk stoff på ein måte som inkluderer barnelesaren.»
- Juryens grunngjeving, KUDs sakprosapris
«Forfattar og illustratør har eit heilt arsenal av pedagogiske grep som gjer forteljinga komprimert, utan at ho mistar presisjon og nyansar. [...] Barnas verdshistorie gir inntrykk av å vere gjennomtenkt på alle nivå, frå dei større grepa, ned til val av formuleringar og ordval.»
- Petra J. Helgesen, Barnebokkritikk.no
«Boka er verdshistoria til barna i dobbel tyning, ho er både skriven for barn og set deira skiftande liv gjennom tidane i sentrum. Det er ingen liten prestasjon når det gjeld eit tema som faghistorikarar lenge har forsømt, og det aukar utvilsamt sjansen for at unge lesarane kan identifisera seg med andre barn til andre tider og på andre kontinent.»
- Tore Linné Eriksen, Klassekampen