Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Det gamle slottet

2018, Pocket, Norsk Nynorsk
  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

«Anna står framfor det fine, gamle maleriet av eit esel med vingar. Ho frys, ein kald gufs slår mot henne frå dei rå murveggane i det gamle slottet.
Plystring frå ein kjent song trengjer inn i øyra til Anna der ho står: «Mon coq est mort, mon coq est mort...» Plutseleg bryt ein skarp, skingrande lyd inn i plystringa. Alarm! Er det brannalarm? Tjuverialarm? Anna må finne mor og far, ho strammar bandet til Kaspar. I bandet er det ingen motstand. Anna ser forskrekka på bandet. I andre enden heng halsbandet til Kaspar. Men ingen Kaspar. »

Dette er den andre boka i serien om Anna og hunden hennar Kaspar. Denne gongen er dei i Frankrike, i ein liten borgby ved Middelhavet. På toppen av denne borga ligg det eit 700 år gammalt slott. Anna er på omvisning i dette slottet då det plutseleg hender noko - og Anna og Kaspar er igjen midt oppi eit nytt mysterium. Parallelt med dei mystiske hendingane Anna opplever, møter vi Bastien, ein gut som bur i denne borga i tida rundt den franske revolusjonen. Bastien får eit oppdrag. Anna og Namira, ei jente ho blir kjent med i den vesle borgbyen, gjer ei oppdaging i det gamle huset Namira bur i - ei oppdaging som blir til god hjelp når dei til slutt nøstar opp i slottsmysteriet. Men først held vi pusten av spenning saman med Anna, Kaspar og Namira mens dei kjem ut for farar og utfordringar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Rypdal, Olla (for)
  • Forlag/Utgiver

    Olla Rypdal
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    136
  • Serienavn

    Anna
  • Serienummer

    2
  • Emnekategori

    Skjønnlitteratur for barn og ungdom: spenningslitteratur
  • Kom i salg

    9. sep. 2018
  • Nivå

    9-12
  • Varenummer

    9788269094145

Kundeanmeldelser

Frakt og levering