Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Fantastiske pi - historia om eit uendeleg fascinerande tal

2026, Innbundet, Nynorsk

399,-

Fri frakt
Forhåndsbestilling – forventes i salg 05.11.2026
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
I tusenvis av år har mennesket vore oppslukt av talet pi. Pi er enkelt å definere: Det er forholdet mellom omkrinsen og diameteren i ein sirkel. Men ingen har nokon gong klart å skrive det ned! For desimalane held fram inn i det uendelege, og det er ikkje noko mønster eller orden i talrekka. Fordi talet er uendeleg langt, betyr det at du vil kunne finne både telefonnummeret ditt og passnummeret ditt – og bursdagsdatoane til alle barn som nokon gong har levd – i pi. Og ikkje berre ein gong, men uendeleg mange gongar!

Fantastiske pi inviterer deg til å fordjupe deg i den spennande matten bak dette fantastiske talet, fortel historia frå då talet vart oppdaga til korleis matematikarar brukar talet i dag. Du får sjølvsagt også lure triks for å hugse så mange siffer at mattelæraren kjem til å bli superimponert – og ein haug med pi-nlege vitsar.

Boka viser at matematikk er meir enn berre rette svar, men eit fag som òg har rom for mysterium, fantasi og undring. Det får oss til å stille dei store spørsmåla: Kva betyr det at noko er uendeleg?

Fantastiske pi er omsett frå engelsk av Jørgen Eriksson Midtbø. Boka er gjennomillustrert og passar best for barn frå 10 år.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Sildre, Joonas (Billedkunstner) ; Midtbø, Jørgen Eriksson (Oversetter)
  • Forlag/utgiver

    Skald
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    The big book of pi
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    86
  • Nivå

    9-12
  • Varenummer

    9788279594246

Kundeanmeldelser

Frakt og levering