Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Min biletbibel

2023, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-7 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Min biletbibel er ei stor bildebok med bibelforteljingar. Historiene er fortalde i eit enkelt språk som er lett for barna å forstå, og som egnar seg godt for høgtlesing. Etter kvart kan borna også lese forteljingane sjølve.

Dei varme og fargerike illustrasjonane er fulle av detaljar som borna straks legg merke til. Menneska er uttrykksfullt framstilte og syner tydeleg oppriktige kjensler som ømheit, mot, frykt og undring. Kombinasjonen av tekst og illustrasjonar stimulerer barnet og den vaksne som les, til å snakke saman om forteljinga.

Frå Det gamle testamentet finn du dei kjende forteljingane om Noah, Abraham og Daniel, men også mindre kjende historier som byggjinga av Jerusalems murer under leiing av Nehemja. Forteljingane frå Det nye testamentet handlar framfor alt om Jesu liv. Andre historier er også teke med, mellom anna om Paulus' reiser og om Johannes' openberring.

For dei vaksne finnast det bak i boka eit historisk oversyn og ei liste over bibelske omgrep.

Min biletbibel er laga med tanke på born i alderen 2 til 8 år. Tekstane er skrive i eit samarbeid mellom seks erfarne barnebokforfattarar som attfortel bibelforteljingane i stutte trekk så tett opp til bibelteksten som mogleg.

Boka er illustrert av Marijke ten Cate, ein nederlandsk illustratør som har laga ei rekkje kjende biletbøker. Teksten er omsett til norsk av Bodil Engen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Cate, Marijke ten (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Bibelselskap
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Prentenbijbel
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    183
  • Emnekategori

    Barn og ungdom: generell interesse: kristendom, Billedbøker med tekst
  • Kom i salg

    18. sep. 2023
  • Nivå

    6-9
  • Varenummer

    9788254315637

Kundeanmeldelser

Frakt og levering