Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Tusen elgar i garasjen - dikt

2023, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Sprudlande dikt for barn og vaksne i alle aldrar.

Har du kinesisk jern i blodet? Er det tisset til Jesus du drikk? Er spyfluga glad i spy? Og har du eigentleg Europas største stortå? Dette er nokre av spørsmåla du får eller ikkje får svar på i denne diktsamlinga.

«Tusen elgar i garasjen» tar oss med på ei ferd med ramn og salamander, dinosaurar og flaggermus, rustne traktorar og maur i trusa som
følgjesveinar.

Har du nokon gong ridd på ein daud elg gjennom skogen? Tenkte oss det.

Illustrert av Hilde Hodnefjeld



SANDKASSA

Om sandkassa er noko lite og barnsleg?
Nei, veit du kva. I den kan ein byggje slott, tunellar og store byar.
I den kan ein bake hundre kaker i minuttet.
Katten brukar sandkassa som do, og mauren brukar henne som ferieparadis.
Bygg ein dinosaurpark i sandkassa. Folk kjem frå heile verda for å sjå.
Dei rir på tyrannosaurus rex og diplodocus.
Alt er fryd og gaman heilt til ein meteor kjem frå verdsrommet og utryddar alle.
Frå kjøkenglaset roper mamma at det er middag.

Anmeldelser av Tusen elgar i garasjen:

Sigmund Løvåsen skriv med full respekt for barnets evne til å forstå kva ordkunst er for noko.
Det som skil denne boka ut frå dusinvara er at alle dikta er gode, poengterte. Du kan lesa dei høgt, eller barnet kan lesa dei sjølv, og det kjennest som om det var ein vits med å lesa kvart av dei. Og så tar forfattaren barnet på alvor.
- Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen
Oppmodinga er klar: Ein skal aldri slutta å undra seg, og ein skal aldri slutta å leika [...] Løvåsen er på barnelesaren si side i denne boka. Ertar han kanskje litt innimellom, men mest av alt freistar han opna fantasien, leikerommet, gjera verda større
- Karen Frøsland Nystøyl, Periskop

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Emnekategori

    Barn og ungdom: lyrikk
  • Kom i salg

    30. mai 2023
  • Varenummer

    9788234010200

Kundeanmeldelser

Frakt og levering