Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Med vind i håret - korleis lykkast med fosterbarn?

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk

379,-

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Korleis er det å ha fosterbarn i hus? Kva treng fosterbarna? Og korleis kan barn og vaksne saman skape ein kvardag fylt av verdi og glede?

I denne boka gir Siv Merethe Aannevik deg unik kunnskap om å arbeide med fosterbarn. Forfattaren deler historier frå eige liv, og frå hendingar med fosterbarn som har sett spor. Ho skriv om utfordringar ho har møtt, men òg om alle dei fine stundene: frå det å skape tryggleik - til å trene og vere i aktivitet saman.
I boka finn du i tillegg fagstoff om barn og barnevern. Kva seier for eksempel nyare forskning om barn og skjermbruk? Og korleis kan vaksne og barn arbeide saman om dette til barnets beste?

Aannevik er oppteken av at ungar treng trygge vaksne, fysisk aktivitet og glede. Ho er særleg inspirert av sosiologen Aaron Antonovsky, som har utvikla teorien om salutogen tilnærming. Antonovsky legg blant anna vekt på at tilværet for barn må gje meining og vere helserikt.

Kanskje kunne du sjølv tenke deg å ta imot eit fosterbarn? Men så kjenner du at du treng meir kunnskap? Eller kanskje arbeider du innan skule eller barnevern og har lyst å lese om korleis det er å ha fosterbarn i hus? Da er denne boka for deg.
----

Siv Merethe Aannevik er lektor og har tidlegare arbeidd som rådgjevar i skuleverket. Familien har hatt fosterbarn sidan 2006. Aannevik har tidlegare gitt ut noveller og fagtekstar i tidsskrift og antologiar. «Med vind i håret. Korleis lykkast med fosterbarn?» er den fyrste boka hennar.

Eit bidrag frå salet av boka vil kvart år gå til prosjektet «Udenfor» i København - ein organisasjon som arbeider aktivt for å hjelpe heimlause og immigrantar.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Aannevik, Siv Merethe (for)
  • Forlag/Utgiver

    Skriveakademiet AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    197
  • Emnekategori

    Adopsjon og fosterbarn: råd og spørsmål
  • Kom i salg

    12. jan. 2022
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788293636120

Kundeanmeldelser

Frakt og levering