«Nokre gonger tek bøker skikkelig tak i deg. Kari Eika har skrive ei slik bok. Dette bør bli pensum både for helsepersonell, sosionomar, vernepleiarar og gjerne også oss pedagogar. Du treng ikkje vera fagperson for å ha nytte av boka. Kari skriv også drivande godt.»
Åsne Midtbø Aas, pedagogisk rådgiver og forfatter
Ei forteljing om det ufortalde er ein forsøksvis biografi om ein høgt elska bror, som frå han var fem år voks opp på institusjon. Det er også ei forteljing om det samfunnet og dei helseprofesjonane som meinte at dette var «det beste» for ein liten gut med Downs syndrom. Denne faglege tilrådinga tok frå han moglegheiter andre barn fekk, og skapte eit liv i motstand.
Forfattaren leitar etter Kjetil Eika si stemme i det som finst av arkivert journalmateriale, i forteljingar ho elles har høyrt og i eigne personlege minne. Kva møtte han som femåring og seinare? Og korleis opplevde han det sjølv?
Boka er eit oppgjer med eit menneskesyn vi som samfunn burde ha forlate for lengst, men som framleis er med oss på lite synlege, men høgst verksamme måtar. Det er også eit oppgjer med eit kunnskapssyn som framleis gjennomsyrar faglege praksisar og lovverk, og som det er på høg tid å revidere.
Boka er særleg aktuell for studentar og alle som arbeider i helse- og sosialtenestene eller med desse tenestene i politikk, forvaltning eller forsking.
«Ei uvanleg viktig bok ... som også viser kor umenneskeleg det er å knyte menneskeverd til IQ og liknande måtar å «måle» oss på.»
Jakob Lothe, professor i engelsk litteratur, Universitetet i Oslo
«Kari H. Eika har skrevet en nydelig, smertefull og forhåpentligvis virkningsfull biografi over sin bror Kjetil som 5 år gammel ble plassert på institusjon - fordi han hadde Downs syndrom.»
Anne Spurkland, professor i medisin, Universitetet i Oslo