Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Apologi for tvisynet - 13 forsvarstalar

2018, Fleksibind, Nynorsk

273,-300,- i butikk

På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
"Sidan livet for ein stor del består av å gjera stadig nye feilgrep som me sjeldan lærer noko av, er forsvarstalen den sjangeren me menneske brukar mest, og alltid må beherska dersom me ikkje ynskjer å gå gjennom livet med knekt nase og utslegne tenner både til kvardag og fest." Apologi (gr. apologia), forsvar, forsvarsskrift eller forsvarstale, sett saman av dei greske orda apo- (for-) og logos (tanke, ord, filosofi, fornuft). I utgangspunktet skal då ein apologi levera eit forsvar for fornuftig åtferd, i motsetnad til handlingane våre gjennom livet. Men trass alt - å leva er å gjera store og små feil, som folkevisdomen plar seia. Det er no i alle fall ei trøyst, men om ein no lærer noko av feila, er meir omstridt. Tvisyn - sjølve kjennemerket på den store inspirasjonskjelda A.O. Vinje, som med ujamne mellomrom dukkar opp på og mellom linene i desse tekstane. Talet 13 er sjølvsagt ikkje tilfeldig: Det er jo eit djevelsk dusin. Difor forsvarar eg eit og anna som folk ikkje likar no til dags. Om forfattaren: Jon Severud, pensjonert lektor og forfattar, no busett i Danmark. Har hatt fleire verv, mellom anna i Utdanningsforbundet, og gitt ut ei rad bøker. Mellom desse Ubehaget i skolen, Universitetsforlaget 2002, Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O.Vinje, Samlaget 2010, Shit happens, Spartacus 2006 (med Jarle Rasmussen), Ordbok for underklassen, Spartacus 2014 (med Arne Klyve) og Skikk og bruk for underklassen, Spartacus 2017 (med Arne Klyve og Trond Hofvind)

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Kapabel
  • Format

    Fleksibind
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    301
  • Utgivelsesdato

    28.03.2018
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788281632073

Kundeanmeldelser

Frakt og levering