Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Den sindige villmannen - om livet til Tjerand Aske frå Fjelberg

2018, Innbundet, Norsk Nynorsk

299,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Midt på vinteren i 1931 sykla Tjerand Aske (1906-1976) over Folgefonna, ei historie mange av oss har høyrt opp gjennom tidene. Men forteljinga om eventyraren og hardhausen frå Borgundøy i Kvinnherad har endå fleire sider - både på godt og vondt.
Historia om Tjerand Aske er også forteljinga om ein kunnskapsrik og uvanleg småbrukar som filosoferte mykje over meininga med livet, men som til slutt ikkje klarte å halda styr på seg sjølv og det vesle gardsbruket sitt. Nokre dagar etter han fylte 70 år, døydde han brått på gata i Oslo.
Denne boka er i stor grad bygd på samtalar med folk som hugsar eventyraren frå Borgundøy, forutan at forfattaren har funne opplysningar om han i offentlege skriv og dokument. Historia om Tjerand Aske er både vemodig og gripande.
Dette er Kristian Hus si tredje bok. Frå før har den tidlegare avismannen på Husnes gitt ut bøker om eldreomsorga i Kvinnherad. No følgjer han opp med ei ny bok til ettertanke og refleksjon.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Hus, Kristian (for)
  • Forlag/Utgiver

    Skimtvis - Kristian Hus
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2018
  • Antall sider

    132
  • Emnekategori

    Biografier: generelle, Lokalhistorie
  • Kom i salg

    14. sep. 2018
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788230339411

Kundeanmeldelser

Frakt og levering