Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Ei kjelde djup - diktinga og livet til Åsmund Sveen

2003, Pocket, Norsk Nynorsk

250,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Sidan han var liten og laga forteljingar for systrene sine, visste Åsmund
Sveen at han måtte bli diktar. Eg veit at i meg spring ei kjelde djup, står
det i eit ungdomsdikt. Han måtte dele ekstatisk naturkjensle, grubling og
livsglede med andre. I skogbygda han voks opp i, fekk han oppleve
replikkunst, historier om trollskap og underlege hendingar. Inntrykka fletta
seg saman med verdslitteraturen han etter kvart vart godt kjend med, særleg
den klassisk persiske, som blømde frå Iran til India i seinmellomalderen. I
Sufidiktinga fann han ein religion med vørnad for det djupe og vakre i andre
religionar, med plass for både meditasjon og livsnyting. Sufidiktinga
skildra ofte kjærleik mellom menn, det vart óg tema i dikta hans. Vår og
sanserikdom fargar dei fyrste diktsamlingane, ofte mot ein klangbotn av
dødsmedvet. Han vann stadig større respekt som diktar og litteraturkritikar.
I åtte hektiske år ga han ut fire diktsamlingar og ein roman. Seinare kom
Bygdeviser i samla utgåve med hans eigne tonar. Boka gir eit bilete av tida
han arbeidde i, korleis andre skribentar såg på hans arbeid og han på deira.

Svanaug Steinnes har gitt ut Afrika græt, gjendiktingar av den angolanske
forfattaren Agostinho Neto. Ho har vore journalist, sett om romanar,
barnebøker, dikt og sakprosa frå fransk, spansk og portugisisk. For scena
har ho sett om franske skodespel frå 16-, 17- og 1900-talet.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Steinnes, Svanaug (for)
  • Forlag/Utgiver

    Kolofon Forlag AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2003
  • Antall sider

    167
  • Emnekategori

    Biografier: litteratur, Litteraturstudier: skjønnlitteratur og forfattere
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788230000366

Kundeanmeldelser

Frakt og levering