Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Eit hemmeleg liv - spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst

2021, Heftet, Nynorsk
På lager – Sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt. Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy. Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie. Sigrun Slapgard (f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For "Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk" (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også "Eit hemmeleg liv" (2020) blei Brage-nominert. For romanen "Englestien" (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen "Eg har sett jaguaren".

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Slapgard, Sigrun (Forfatter)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Heftet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    367
  • Kom i salg

    25. feb. 2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234006494

Kundeanmeldelser

Frakt og levering