Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Eit hemmeleg liv - spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst

2021, Lydbok, Norsk Nynorsk
Lydbok

Lydbok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned lydboka til PC eller din mobil fra siden Mine lydbøker.

Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.

Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy.

Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie.

Sigrun Slapgard (f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også Eit hemmeleg liv (2020) blei Brage-nominert. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Samlaget
  • Format

    Lydbok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Emnekategori

    Biografier: historie, politikk og militæret, Ureglementerte styrker og krigføring
  • Kom i salg

    23. mars 2021
  • Varenummer

    9788234006685

Kundeanmeldelser

Frakt og levering