Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Far levde, og så var han død - ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu

2026, Lydbok, Nynorsk
Lydbok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. Lydboka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!»

Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.

Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.

Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.

Dette er ei forteljing om ein far som var ein heilt vanleg mann, og om liv og død.

Anmeldelser av Far levde, og så var han død:

... Bjørn Hatterud har klart å gjere farens død til ei feiring av livet. ... Hatterud skriv også om ein generasjon, og ein type liv som er vanlegare enn ein kanskje skulle tru om ein berre les bøker forfatta av byfolk. På bygda må folk leve i fred også med menneske ein kanskje ikkje har så mykje sams med, samtidig som ein finn sin eigen veg.
- Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
I forlengelsen av turen Mjøsa rundt med mor gjør Bjørn Hatterud et rørende dypdykk i sin fars liv og siste dager. ... Hatteruds skildring av faren styrker ideen om at alle har en historie å fortelle, og understreker forfatterens særlige talent for å finne fruktbart stoff der andre ikke hadde brydd seg med å lete, og formidle det levende. ... Nok en gang demonstrerer Hatterud at han skriver om erfaringer mange kan kjenne seg igjen i, med en sjarm få gjør ham etter.
- Kåre Bulie, Klassekampen
Bøkene til Bjørn Hatterud tek vanlege folk på alvor. No for tida er det lesekrise, og folk les altfor lite. Hatterud gjev von. Han har frå innsida god innsikt i bygde- og arbeidarkulturen. Mange som les, vil kjenna seg att. Han set nemleg ord på korleis hardtarbeidande nordmenn i etterkrigsgenerasjonen har tenkt og levd.
- Lars Kolbeinstveit, Dag og Tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Hatterud, Bjørn (Innleser)
  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Lydbok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Utgivelsesdato

    07.10.2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234016479

Kundeanmeldelser

Frakt og levering