Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Fjellgardsliv

2021, Innbundet, Nynorsk

400,-

På lager – Forventes sendt innen 1-4 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Dette er ei sjeldan hending. Fjellgardsliv skildrar livet på fjellgarden Blæsterdalen, nord i Atndalen i Folldal kommune. Der har Ola Blæsterdalen, no 98 år, levd livet sitt. Garden ligg 800 moh. innunder Rondane. Atndalen, med sitt karrige jordsmonn og strenge innlandsklima, ligg i grenseområdet for kvar det kan vera fast busetting. Ola skriv om korleis Blæsterdalen har utvikla seg frå ei grasslette med ei løe ved fyrste busettinga sist på 1700-talet, og om si eiga tid der landbruket har gått gjennom eit utruleg hamskifte. Det starta med nesten full sjølberging, basert på utnytting av lokale ressursar frå inn- og utmark. No har vi eit spesialisert landbruk som hentar mykje til drifta langveisfrå. Før hadde vi eit arbeidsfellesskap der unge og gamle på garden måtte vera med. No har landbruket vorte ein einsam arbeidsplass. Ola formidlar, kanskje utan at det har vore bevisst, korleis ein gard gjennom tid utviklar ei form for bærekraft som krev nøysemd, langtidsplanlegging, maurflittig arbeid, hegn om sparsame naturressursar og samhald. Han viser òg kor sårbart liv og helse er. Ola skriv om kvardagen til ein fjellbonde frå ei tid med levekår som er historie for dei som veks opp i dag. Kanskje kan kunnskap frå slik gardsdrift koma til nytte att? Tidene endrar seg raskt.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Sollia forlag
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    336
  • Utgivelsesdato

    25.11.2021
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788293911012

Kundeanmeldelser

Frakt og levering