Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Mørkemann - mi reise til kristenkonservatismen og tilbake

2022, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Som ung var Emil André Erstad stereotypien på ein kristenkonservativ mørkemann. I verda hans var det ikkje plass til nyansar. Han meinte homofili var ei synd. Han meinte også at kvinner som var valdtekne, ikkje burde få ta abort. Alle Erstad møtte, vart målt etter eitt, enkelt spørsmål: Kvar er du på veg - mot himmelen eller helvete?

Erstad vaks opp med foreldre som ikkje var særskilt kristne. Heilt sidan han som liten gut gjekk på søndagsskulen, var likevel målet med livet hans å kome til himmelen: Han måtte leve reint, gå på den smale stien og halde seg til boda til Jesus. Han var stolt over å kalle seg fundamentalist og meinte verda var korrupt og full av vantru. Trua hans gjekk snart ut over forholdet til familien. Systera, som var homofil, var redd for at ho aldri skulle få møte nevøen sin, sonen til Emil, og mora var djupt bekymra for kor ytterleggåande sonen hennar var i ferd med å bli.

I denne boka lét Erstad oss bli kjende med eit for mange framandt, religiøst univers. Undervegs prøver han å finne ut korleis han sjølv kunne bli så konservativ som han blei - men også kvifor han etter kvart tok til å tvile på den ekstreme måten han tolka Bibelen på. Dette er ei forteljing om ein mørkemann si personlege reise mot eit mildare lys, men boka teiknar også opp ein høgare, tematisk himmel: For kvifor er det eigentleg slik at nokon endrar både tru og meining, medan andre held fast på det same gjennom heile livet?

Anmeldelser av Mørkemann:

Fellesskap, møte med menneske og respekt trass forskjellar står dermed igjen som det største for Erstad. Eller kjærleik, som Paulus ville ha sagt det.
- Merete Røsvik, Klassekampen
Erstad har nokre passasjar det verkeleg svingar av. Ærlegdomen hans gir driv, og den fine måten han kjem i forbindelse med seg sjølv som sekstenåring gir dynamikk. I tillegg til eit svært kompromisslaust oppgjer med den han var, trekkjer han linja heilt f
- Sofie Braut, Vårt Land
ei god personleg historie om å skifte meining [...]. Konvertittar frå ytterleggaånde rørsler har gjerne ein tendens til å hamna i motsett grøft. Ikkje så med Erstad. Han har ikkje noko ønske om å leva opp til klisjéen "frå mørkemann til opplyst liberal"
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
Emil André Erstads bok er en slags hudløs selvangivelse mellom to permer. En moralsk egenevaluering i nynorsk språkdrakt utgitt på Det norske samlaget. Det er en fortelling om enorme pendelsvingninger både personlig, politisk og religiøst. ( ... ) «Mørkem
- Vebjørn Selbekk, Dagen

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Erstad, Emil André (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Mørkemann
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    126
  • Emnekategori

    forfølgelse og konflikter, Kristendommen: liv og lære, Religiøs intoleranse, Selvbiografier: religiøse og åndelige
  • Kom i salg

    8. apr. 2022
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234007057

Kundeanmeldelser

Frakt og levering