Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Snakk sant om livet

2021, Innbundet, Norsk Nynorsk
Terningkast 5
På nettlager - sendes innen 2-7 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Olaug Johanna Vervik Bollestad er nestleiar i Kristeleg Folkeparti, landbruks- og matminister og dronning på Instagram. Bollestad, som fyller 60 år i 2021, er fritalande, frodig og fargerik, og på mange måtar ein utypisk rikspolitikar.

Bollestad kjem frå det vestnorske bibelbeltet. I denne boka fortel ho om oppveksten, som var sterkt prega av ei psykisk sjuk mor, om #metoo-erfaringar i misjonsmiljøet og kva som skjedde under «skjebnevalet» til KrF i 2018.

På Instagram-profilen @olaugjohanna deler ho fritt og usensurert frå kvardagane sine. Der er ho høg på livet og kjærleiken til mannen, og responsen har vore overveldande.

Ei eldre kvinne lærte den unge Olaug Bollestad at det er viktig å snakka sant om livet. Seinare har ho forsøkt å leva opp til ambisjonen, både i familielivet, i politikken - og i denne boka.


Kjersti Mjør (f. 1965) kjem frå Kvanndal i Hardanger. Ho er utdanna ved Universitetet i Bergen og starta journalistkarrieren i NRK i 1989. I dag jobbar Mjør som journalist i Bergens Tidende. Tidlegare har ho mellom anna gitt ut portrettboka Hjartebank. Historia om Oddny Miljeteig.

Anmeldelser av Snakk sant om livet:

5
Kjersti Mjør (har) på ein imponerande måte klart å skriva som Olaug Bollestad snakkar. Teksten er på lett, dialektprega nynorsk, krydra med folkelege uttrykk og kristenbanning. Det går fort i svingane, og mykje blir fortalt på velsigna kort tid. [...] openhjarta, dramatisk, morosam og godt skriven.
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
... rogalandsk, ærlig, ujålete, usnerpete og usentimental. [...] Snakk sant om livet er en annerledes og svært personlig selvbiografi som vil kunne settes pris på også av Bollestads meningsmotstandere
- Ingeborg Misje Bergem, Vårt Land

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Bollestad, Olaug (for) ; Mjør, Kjersti (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2021
  • Antall sider

    145
  • Emnekategori

    Kristendommen, politikk og militæret, Politiske partier, Religiøse og teokratiske ideologier, Selvbiografier: historie
  • Kom i salg

    27. mai 2021
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234005206

Kundeanmeldelser

Frakt og levering