Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Skaparen - historier frå Magnar Reigstad sitt kreative liv

2019, Innbundet, Norsk Nynorsk

399,-

Utsolgt på nettlager
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Langs heile norskekysten har folk høyrt om Magnar Reigstad, og sikkert har hundrevis av historier vorte fortalde om opplevingane hans. Mange av dei skriv seg frå hans eigen munn, for han er ein forteljar av rang, som sjeldan legg fingrane mellom.

Kven er så denne karen, som har vore kalla så vidt ulike ting som Rambo og Snublefot? Men båtkonstruktør, våpenekspert, eventyrar, bjørnejeger, humanist, kjeltringfangar, redningsutstyroppfinnar, frisør, friluftsmann, tryggleiksekspert, rettferdstenkjar, rotekopp, er òg etikettar han har hengjande på seg.

I vinter er det 40 år sidan Alexander Kielland-katastrofen, det er 20 år sidan Sleipner-tragedien, og i år var det svært nær at 1373 personar hadde sett livet til på Hustadvika. Dette er hendingar som skakar opp Magnar, for han meiner at med skikkeleg redningsutstyr hadde alt dette vore unngått.

Han hadde venner som drukna i desse ulukkene, og sjølv har han òg nesten omkomme på sjøen. Dei seinare åra har han difor vore mest oppteken av å konstruera redningsutstyr som er mykje betre enn dagens, som han meiner er ubrukande.

Mest kjend er han nok for Torpedostuparen, som han presenterte i TV2-programmet Skaperen i 2007. Men lenge før den tid gjorde han seg landskjend gjennom den såkalla Klippeaksjonen. For ikkje å nemna den gongen han hamla opp med Tveita-gjengen i Oslo, heilt på eiga hand.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Vareeier

    Kvinnherad Bok og Papir
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2019
  • Kom i salg

    16. des. 2019
  • Varenummer

    9788299722346

Kundeanmeldelser

Frakt og levering