Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Budeiene - døtrer av naturen : om budeieliv frå 1850 til i dag

2025, Ukjent, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-7 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta.
 
Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka - hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei. Av stølsmjølka får ein gode produkt, ho er kanskje verdas beste.
 
Den gjestmilde budeia var ein trygg base i fjellet. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske.
 
Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gir deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener.
 
Inger Marie Vingdal er dosent i kroppsøving, og ho har skrive fleire lærebøker. No har ho samla inn budeiestemmer og historier frå heile landet. Ho har besøkt mange ulike stølsgrender og møtt budeier i ulike aldrar. Inger Marie er oppvaksen med støl, og ho fekk budeieliv og friluftsliv inn med stølsmjølka.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Vingdal, Inger Marie (for)
  • Forlag/Utgiver

    Kolofon Forlag AS
  • Format

    Ukjent
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    295
  • Emnekategori

    Kjønnsgrupper: kvinner og jenter, Sosial- og kulturhistorie
  • Kom i salg

    4. mars 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788230028438

Kundeanmeldelser

Frakt og levering