Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Har eg rettstryggleik? - om den klassedelte rettsstaten og illiberale demokrati

2025, Pocket, Norsk Nynorsk
Terningkast 5
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Ei bok som vil opna augo dine for dei skjulte problema i norsk rettspleie.

Dette er ei viktig og tankevekkjande bok som set søkjelys på store utfordringar i den norske rettsstaten. Sunde, som er professor i rettshistorie, uttrykkjer bekymring for om rettsstaten har vorte klassedelt. I boka peiker han på at vanlege folk ikkje har råd til advokathjelp når dei treng det, og at det berre er i straffesaker og barnefordelingssaker dei i dag har tilgang til rettssystemet. For domstolane er i realiteten berre tilgjengelege for bedrifter, institusjonar og offentlege organ, dei velståande og dei som kan skyva utgifter til advokat over på eit forsikringsselskap. Lågterskeltilbod for konfliktløysing, som Jordskifteretten, Konfliktrådet og Forbrukartvistutvalet, er for ukjente, overbelasta eller for vanskeleg tilgjengelege til å vega opp for mangelen på domstolstilgang.

I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.

Anmeldelser av Har eg rettstryggleik?:

5
Det er velgjerande å lesa Jørn Øyrehagen Sunde. Han skriv enkelt, personleg og direkte. Me har for få av hans type: ein akademikar i den demokratiske folkeopplysningstradisjonen. Og han har mot til å utfordra. ... jusprofessoren [går] kritisk, ja til tider rasande, til verks mot tilstanden i den norske rettsstaten, utan sjenerande respekt for sitt eige laug. ... Jørn Øyrehagen har skrive ei framifrå debattbok om eit emne som både politikarane og me andre bør vera meir opptekne av.
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad
5
Jørn Øyrehagen Sunde har skrevet ei god bok som viser oss at det er stor forskjell på rettighetene til Kong Salomon og Jørgen Hattemaker her til lands.
- Tor Hammerø, Nettavisen
Jørn Øyrehagen Sunde har skrevet et polemisk og engasjerende essay som viser at det er stor forskjell på tilgangen til domstolene i Norge.
- Eilif Guldvog Hartvedt, Aftenposten
Sundes bok er svært informativ, og svært opplysende for de fleste om hvordan det norske rettssystemet fungerer og er organisert.
- Varg Lukas Folkman, DN

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Sunde, Jørn Øyrehagen (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    187
  • Serienavn

    Norsk røyndom
  • Emnekategori

    Menneskerettigheter og borgerrettigheter
  • Kom i salg

    28. apr. 2025
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234015052

Kundeanmeldelser

Frakt og levering