Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Kva skjer i Bygde-Norge?

2023, Innbundet, Norsk Nynorsk

409,-449,- i butikk

Terningkast 5
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Bygder har skifta ham og distrikta har gjort opprør. Reidar Almås tar oss i denne boka med sjumilssteg gjennom 1900-talet fram til dagens bygdesamfunn. Almås nøyer seg ikkje med å beskrive og forklare, men gir også råd om korleis bygdefolk kan skape si eiga framtid, under omstende dei sjølve ikkje har valt. Det er viktig å forstå både fortida og notida for å forme fram-tida.

Med ein fot i bygda og ein fot som professor og institusjonsbyggar på universitetet, tar Almås deg med på ei reise gjennom eit landskap som er sterkt forandra. Tufta på 45 år med bygde-forsking og praktisk bygdeliv, oppdaterer han oss på kva som skjer med distriktsnæringane og korleis det går med det grøne skiftet. Den skjøre balansen mellom by og land er avgjerande dersom vi skal ha tilgang til nok mat og rimeleg energi i åra som kjem.

I kjølvatnet av dei mange distriktsopprøra har distrikts-politikken kome høgt på den politiske dagsordenen. For å skjøne kva som skjer, må vi skaffe oss oversikt over dei lange linjene i forholdet mellom bygd og by. Dei overordna spørsmåla vil vere: Kva har skjedd med bygdene våre, kvifor har det skjedd og kva vil og bør skje framover.

Anmeldelser av Kva skjer i Bygde-Norge?:

5
«'Kva skjer i Bygde-Norge?' kan godt brukast som eit oppslagsverk, ein grundig gjennomgang av norsk landbruks- og distriktspolitikk frå krigen og fram til i dag. Men det er ikkje den viktigaste kvaliteten ved boka. Det er dei jordnære, personlege erfaringane som Almås vevar inn i framsillingane og som gjer dette til ei av dei mest folkelege og velskrivne akademiske bøkene eg har lese.»
- Tom Hetland, Stavanger Aftenblad

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Almås, Reidar (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forente Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Tittel på originalspråk

    Kva skjer i Bygde-Norge?
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    430
  • Emnekategori

    Bygdesamfunn
  • Kom i salg

    8. mars 2023
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788282656641

Kundeanmeldelser

Frakt og levering