Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Tolv dagar i april - ei odelsjente fortel

2026, Innbundet, Nynorsk

449,-

Fri frakt
På lager – Forventes sendt innen 1-2 virkedager
  • På lagerhos 99 butikker

Kvar vår dreg odelsjenta Johanne Nyborg frå Oslo til familiegarden på Vestlandet for å hjelpe mor si i lamminga. I boka Tolv dagar i april tek ho lesaren med inn i fjøsen, der ho gjennom tekst og bilete skildrar den vakre og brutale lammingsperioden.
 
Johanne utforskar òg forholdet til mor si, til garden ho voks opp på, og den indre dragkampen mellom bygd og by. I dag lever ho det livet ho ein gong ønskte seg, men under overflata ligg uvissa om kvar ho skal ende opp. Vil ho bli verande i byen, eller vil ho vidareføre arven på garden?
 
Johanne Nyborg (f. 1994) er fotograf og biletkunstnar. Ho kjem frå bygda Berle i Bremanger kommune, men har budd og arbeidd i Oslo i over eit tiår. Tolv dagar i april er hennar første sakprosabok.

Anmeldelser av Tolv dagar i april:

"Tolv dagar i april. Ei odelsjente fortel" er ein god dokumentasjon i skrift og bilete av eit lite stykke Noreg som er i ferd med å forsvinna. Og av ansvaret ein kan kjenna på for å ta vare på det. (...) Nyborg [klarer] òg å koma opp med originale vendingar og uventa bilete, som når mor hennar syg fostervatn opp frå lungene til eit nyfødd lam, og lyden minner om å drikke opp brusrestar i botnen av ein pappkopp med sugerøyr. (...) [E]i utgjeving som får sagt mykje om konfliktlina mellom generasjonar, klasse og bygd versus by ...
- Leif Tore Sædberg, Dag og Tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    183
  • Utgivelsesdato

    20.04.2026
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234017551

Kundeanmeldelser

Frakt og levering