Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Utopia - ein kritikk av humanistiske illusjonar

2026, E-bok, Nynorsk
E-bok
Tilgjengelig for nedlasting

Digital bok. Ingen angrerett. E-boka blir tilgjengelig på din Norli-bruker og i Norli-appen etter kjøp

Norli Les & Lytt app

Din digitale bokhylle for lydbøker og e-bøker. Digitale bøker blir tilgjengelige i appen umiddelbart etter kjøp.

Last ned fra App StoreLast ned på Google Play
Dette er ei debattbok med eit idéhistorisk perspektiv. Hovudtema er humanismen som statsberande ideologi, og kva det inneber i praksis. Humanismen føreset indirekte at mennesket er rasjonelt, lærer av feila sine og handlar til det beste for jordkloten. Sjølv om ein kan tvila på utsegna, vil me helst tru at von og god vilje løyser grunnproblemet på magisk vis. Dimed vert den humanistiske ideologien religiøs i trua på overmennesket; eit sjølvkorrigerande vesen frigjort frå sitt biologiske opphav. Med utgangspunkt i filosofi, historie og sosialpsykologi, tek boka eit oppgjer med grunnlaget for humanismen, særleg naivismen og sinnelagsetikken. Målet er ei meir realistisk forståing av menneskenaturen, slik at ideal om demokrati og ytringsfridom kan stå imot truslar frå totalitære interesser.

Målgruppe for boka er den samfunnsinteresserte ålmenta med eit tverrfagleg fokus; filosofi, historie, politikk, sosialpsykologi, teknologi og økonomi. Boka utfordrar illusjonane om mennesket og kritiserer den innarbeidde påstanden om at humanismen er eit absolutt gode. Såleis kan boka vera ei realitetsorientering for politikarar og den samfunnsengasjerte opinion. Og kanskje starten på eit konstruktivt ordskifte om dei eigentlege årsakene til konflikt, krig, miljøkrise og naturkrise.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/utgiver

    Kolofon
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2026
  • Antall sider

    272
  • Utgivelsesdato

    23.03.2026
  • Nivå

    Voksen
  • EAN

    9788230030523

Kundeanmeldelser

Frakt og levering