Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Meining? - religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg

2014, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Då interessa for Friedrich Nietzsche vakna første gongen, var Arne Garborg ein av dei som bles i luren. Han tok imot sterke impulsar frå Nietzsche, men utan å ende som servil disippel.
Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar.

I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle minnet. Hellesnes kommenterer også relativt kjende innslag i Garborgs forfattarskap.
Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til
den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet
er høgaktuelle i dag.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Hellesnes, Jon (for)
  • Forlag/Utgiver

    Samlagsantikvariatet
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2014
  • Antall sider

    168
  • Emnekategori

    Filosofi
  • Kom i salg

    4. apr. 2014
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788252184570

Kundeanmeldelser

Frakt og levering