Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

1000 år med norsk rettshistorie - ei annleis norgeshistorie om rett, kommunikasjonsteknologi, historisk endring og rettsstat

2023, E-bok, Norsk Nynorsk
E-bok

E-bok. Ingen angrerett. Etter kjøp laster du ned e-boka til lesebrett eller app fra siden Mine e-bøker. Mobil/nettbrett: Last ned til appen du foretrekker, f.eks. iBooks (iPhone/iPad) eller Bluefire (Android).

Korleis vert det norske rettssystemet endra av kunstig intelligens?

Svaret ligg i historia.

1000 år med norsk rettshistorie viser korleis norsk rett har vorte endra av ny kommunikasjonsteknologi det siste millenniet. Retten gjekk frå å vera munnleg til skriftleg på 1100- og 1200-talet, og den handskrivne retten vart erstatta av trykt rett på 1600- og 1700-talet. Frå 1983 vart norsk rett digitalisert. Det vil seia at lover, høgsterettsdommar og juridisk litteratur vert søkte opp på internett og lesne på ein datamaskin. Digitaliseringa av norsk rett har no kome så langt at sjølv grunnleggjande strukturar som rettferdsidealet og juridisk metode er i endring. Difor står rettsstaten overfor like store utfordringar i dag som då kommunikasjonsteknologien endra seg med skriven og trykt rett.

I denne situasjonen må vi læra av historia, ikkje minst korleis rettstryggleik og rettsstaten kan sikrast. For den nye kommunikasjonsteknologien kan gjera retten både undertrykkjande og frigjerande, alt etter kva val vi tek i åra som kjem.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Forlag/Utgiver

    Dreyers forlag
  • Format

    E-bok
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Emnekategori

    Rettshistorie
  • Kom i salg

    3. jan. 2024
  • Varenummer

    9788282657082

Kundeanmeldelser

Frakt og levering