Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Ei verd i endring - den globale mellomalderen

2020, Innbundet, Norsk Nynorsk

363,-399,- i butikk

På nettlager - sendes innen 1-2 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

I takt med eit auka fokus på globalisering, har ulike variantar av globalhistorie også sett sitt preg på historiefaget og historieskriving. Denne forskinga er ofte tverrfagleg, spenner gjerne over fleire historiske periodar og har frå eit utgangspunkt i økonomisk og politisk historie i løpet av det siste tiåret i større grad femna om kulturhistoriske emne. Ei slik perspektivutviding har utvilsamt representert ein vekkjar for eit historiefag som tradisjonelt har vore sterkt knytt til det nasjonale - og for så vidt også til det europeiske.

Tilnærminga føyer seg inn under det som gjerne blir kalla «komparativ verdshistorie». I diskusjonen om globalhistoriske tilnærmingar blir denne ofte sett i motsetnad til «globalhistorie» - med den grunnleggjande skilnaden at «globalhistorie» først og fremst er oppteken med global utveksling og dialog. Sjølv om skiljet mellom tilnærmingane er overdrive, er det likevel slik at vekta på samanlikning skil tilnærmingane frå kvarandre. I ei syntetiserande framstilling vil synleggjering av likskapar og skilnader vere heilt grunnleggjande, men utan at dette treng å gå fullstendig på kostnad av eit fokus på global utveksling. Heile det første kapittelet tek i så måte opp både det kommunikative grunnlaget (framveksten av skriftkulturar) og ulike former for global utveksling - økonomisk i form av handelsnettverk og kulturelt i form av reisandes møter med andre kulturar.

Ei verd i endring er den første syntetiserande framstillinga på norsk som tek opp globalhistorie i perioden frå kring 500 til 1500.

Anmeldelser av Ei verd i endring:

«Globalhistorisk triumf […] ei bok som tar oss med på en spennende reise i den globale middelalderen. [Melve] er ikke bare lærd og nysgjerrig, men evner å formidle et krevende fagstoff med få innslag av akademisk stammespråk. […] et prisverdig forsøk på å få oss til å forstå sammenlikninger, sammenhenger, sammenfall og samme prosesser over et tidsspenn på 1000 år. […] uten like her til lands»
- Tore Linné Eriksen, Klassekampen

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Melve, Leidulf (for)
  • Forlag/Utgiver

    Forente Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Antall sider

    316
  • Emnekategori

    Generell historie og verdenshistorie
  • Kom i salg

    19. aug. 2020
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788282654906

Kundeanmeldelser

Frakt og levering