Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Eit hemmeleg liv - spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst

2020, Innbundet, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-7 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt.

Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy.

Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie.

Anmeldelser av Eit hemmeleg liv:

«Resultatet er ualminnelig vellykket. Her går alt opp i en høyere enhet . omfattende arkiv- og kildearbeid, tekstlig driv og spenning. Ja, Slapgard klarer kunststykket å spekke teksten med veldokumenterte detaljer, samtidig som hun holder leseren på tå hev.»
- Anne Merethe K. Prinos, Aftenposten
«Historien om agenten Wilhelm Holst er så usannsynlig at den bare kan stamme fra virkeligheten.»
- Aslak Nore, Aftenposten
«Slapgard [...] skriv fram eit fascinerande, fleirtydig psykologisk portrett av ein mann vi er vane til å møte som stereotyp nasjonal-oppbyggeleg helt. Det er ei bragd.»
- Geir Pollen, Klassekampen
«Den spanske borgerkrigen kan Slapgard ut og inn, her har hun også stupt inn i fransk motstandsarbeid og britisk etterretning, i et drama med et eventyrlig tilsnitt.»
- Guri Hjeltnes, Prosa
«Etterrettelighet har kanskje vært den mest etterspurte kvaliteten i kulturdebatten denne høsten. Sigrun Slapgard har løst oppgaven å belyse et liv med mange hemmeligheter, ved å vise respekt for det hun ikke vet. ... Under overflaten av avisoverskrifter og det akutte språket fra ekstreme situasjoner, har Slapgard vernet om tausheten krig også innebærer. Det gir dybde til en bred fortelling.»
- Live Lundh, Morgenbladet
«Ho har ein skrivestil og fortellarmåte som ligg så nær opp til skjønnlitteraturen til romanen som er mogleg utan å kompromisse eller utvanne dokumentarstilen og late som om det er dikting. Å kalle dei over 350 sidene lettlesne, kan lett misforståast. For sjølv om både dramaturgien og historiene Slapgard skildrar har høg lesbarheit, fer ho ikkje med harelabb over innhaldet eller detaljane. [...] ei oppleving å lese.»
- Per Ivar Henriksbø, Gudbrandsdølen Dagningen
«... ei velskriven og ofte spanande bok.»
- Torgeir Sæveraas, Dag og Tid

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Slapgard, Sigrun (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2020
  • Antall sider

    367
  • Emnekategori

    Biografier: historie, politikk og militæret, Ureglementerte styrker og krigføring
  • Kom i salg

    26. okt. 2020
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234002571

Kundeanmeldelser

Frakt og levering