Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Ferjefolket - storm og stille, fest og fødslar, kjærleik og kø

2024, Innbundet, Norsk Nynorsk
Terningkast 5
Tilbud
På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Ferjene er eit fast og nødvendig innslag i livet til vestlendingen. Journalisten Halvor Folgerø tek oss med på ferjeturar og fortel historier frå Smøla-ruta i nord til Kvitsøy-ferja i sør. Bli med til fjordar og havstrekk, møt glade billettørar, stolte kapteinar, få historier om kvardagsliv og komikk, dramatikk og ulykker. Både mannskap, pendlarar, yrkessjåførar og reisande har sin plass i boka.

Den aller første bilferja her i landet heitte «Salhusfærgen». Frå 1919 frakta ferja både folk og bilar over Karmsundet i Rogaland. I dag vert ferjene mange stader bytte ut med bruer og tunellar. Dei siste 50 åra har 111 ferjesamband blitt lagde ned eller flytta her i landet, nær halvparten av dei på Vestlandet. Nostalgikarane blir blanke i auga, andre jublar når dei ser ein nedlagd ferjekai.

Ferjene set sterke kjensler i sving. Og dei er komne for å bli, i alle fall ei stund til. Forteljinga om ferjene utgjer ein viktig del av historia om Noreg, og ikkje minst om dei norske utkantane.

Boka er rikt illustrert med bilete frå ei rekkje ulike kjelder.

Anmeldelser av Ferjefolket:

5
[U]nderhaldande kulturhistorie. (...) Ferjefolk har mykje meir enn sveler å by på i denne boka. (...) Ein litterær tur på utvalde ferjesamband, til skrekk og fornøyelse. (...) Det ferjefolket har å fortelje er lunt gjengjeve av Folgerø, som til liks med bøkene om vestlandsvegane verkar genuint nysgjerrig på kva folk har på hjartet.
- Gro Jørstad Nilsen, Bergens Tidende

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Folgerø, Halvor (for)
  • Forlag/Utgiver

    Det Norske Samlaget
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2024
  • Antall sider

    230
  • Emnekategori

    Maritim historie, Skip og båter: allmenn interesse, Sosial- og kulturhistorie
  • Kom i salg

    21. okt. 2024
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788234013546

Kundeanmeldelser

Frakt og levering