Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Frå embetsmann til streikevakt - lektorane i reformer og strid gjennom 150 år

2023, Pocket, Norsk Nynorsk
På nettlager - sendes innen 2-4 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • Ikke tilgjengelig for hent i butikk
Anders Folkestad (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i engelsk frå universitetet i Bergen. Han har arbeidd som lektor ved Odda gymnas og Stranda vidaregåande skule. Folkestad har vore tillitsvald i ei årrekkje. Han var leiar i NUFO/ Lærarforbundet gjennom størstedelen av 1990-talet, og leiar i hovudorganisasjonen Unio (2001-2015).

Torbjørn Ryssevik (f. 1949) er utdanna lektor med hovudfag i historie frå universitetet i Bergen. Etter å ha arbeidd som lektor ved Stranda vidaregåande skule, var han tillitsvald i NUFO/ Lærarforbundet på fylkes- og sentralnivået frå 1980-talet og fram til 1999. Deretter arbeidde Ryssevik i sekretariatet i Lærarforbundet og i Utdanningsforbundet fram til 2020.
I denne boka følgjer vi utviklinga i den studieførebuande delen av vidaregåande skule gjennom 150 år. Lektorane og dei universitetsutdanna adjunktane er hovudpersonane, og det er deira perspektiv som dominerer.

Reformer og skuleutvikling står sentralt i boka, men også stridar om faglege rettar, lønn og arbeidstid. Allereie frå 1920-talet «løyste» styresmaktene lektormangelen med å redusere på utdanningskrava. Dette er ein metode som stadig har vore brukt. Boka omtalar også lønnsstriden mellom KS og lærarane.

Lektorane har gradvis kome i mindretal, også i dei allmenne retningane i den nye vidaregåande skulen. Universiteta har vore for lite opptekne av lektorutdanninga og må ta sin del av ansvaret for at mange unge ikkje er godt nok kvalifiserte for lange studium.

Ein framtidsretta vidaregåande skule må ha fagsterke og myndige lektorar, som både vil og vågar å eksperimentere saman med elevane. Det gjeld ikkje minst i møte med den digitale kvardagen.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Folkestad, Anders (for) ; Ryssevik, Torbjørn (for)
  • Forlag/Utgiver

    Kolofon Forlag AS
  • Format

    Pocket
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2023
  • Antall sider

    271
  • Emnekategori

    Pedagogisk historie, Videregående skoler
  • Kom i salg

    9. mai 2023
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788230025321

Kundeanmeldelser

Frakt og levering