Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Laks, lordar og lokalmat - Sivertsens og Gloppen Hotell gjennom 150 år

2016, Innbundet, Norsk Nynorsk

398,-

  • Sendes fra butikk – En eller flere av våre butikker har varen på lager og kan sende den til deg!
    Vipps-krav sendes fra butikk. Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • På lagerhos 99 butikker

I 2016 er det 150 år sidan Joachim E. Sivertsen fekk løyve til å drive gjestgjevarstad på Sandane. Dette var starten på det som skulle bli Sivertsens Hotel. Frå slutten av 1800-talet kom engelske sportsfiskarar til Sandane, og Gloppeelva vart kjend som ei av dei store lakseelvane på Vestlandet.

Fram til 1980-talet var hotellet eigd og drive av familien Sivertsen, i fem generasjonar. Etter eit kort mellomspel tok ein ny familie over både eigarskap og drift: Frå 1994 har familien Moen styrt hotellet - som no heiter Gloppen Hotell.

Laks, lordar og lokalmat er ei forteljing om desse 150 åra, frå varsam start som skjenkestad med enkel overnatting til konferansehotell med vekt på lokal mat og lokale mattradisjonar. Gjennom tiåra har drifta veksla mellom gode og tyngre år, men eigarane har vist stor evne til å tilpasse drifta til stadig skiftande vilkår og behov.

Boka har eigne kapittel om laksefisket i Gloppeelva og om framveksten av turisme i Sogn og Fjordane. Gjennom eit rikt utval av eldre og nyare fotografi er dette også ei forteljing om utviklinga av tettstaden Sandane.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Eide, Ove (for)
  • Forlag/Utgiver

    Selja Forlag AS
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2016
  • Antall sider

    183
  • Emnekategori

    Hotell og restaurantbransjen, Lokalhistorie
  • Kom i salg

    16. nov. 2016
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788282401098

Kundeanmeldelser

Frakt og levering