Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Lobotomert - ein skamplett i psykiatrihistoria

2025, Innbundet, Norsk Nynorsk

499,-

På nettlager - sendes innen 1-3 virkedager
  • Gratis frakt på ordre fra 299,-
  • Bytt i 200 butikker
  • På lagerhos 99 butikker

Her kjem oppfølgjaren til Harastølen-boka!
Noreg var blant dei landa som lobotomerte flest menneske, unge som vaksne. Kvifor vart det sagt at metoden «passa spesielt godt på kvinner», og kvifor held legane fram med å lobotomera i fleire tiår etter at medisin var kome på marknaden? Mannen bak metoden fekk Nobelprisen i medisin. Ingen snakka om dei titusenvis av menneska som døydde eller fekk liva sine øydelagde etter inngrepet.
Under arbeidet med boka om Harastølen oppdaga Oddrun Midtbø ein slektning som skulle gøymast og gløymast. Var grandtante, Juliane Marie, som var innlagt som «sinnssjuk» i over 60 år, blant dei lobotomerte kvinnene?
Kampen for innsyn i pasientjournalen hennar er den raude tråden i denne sterke forteljinga.
Midtbø tek vekk sløret frå eit av dei mørkaste kapitla i behandlinga av personar som var psykisk sjuke, eller som ikkje passa inn i dei tronge rammene i samfunnet på den tida. Du møter lobotomistane, og dei som nekta å utføra det media hausa opp som «mirakelkur», men som mange pasientar opplevde som rein tortur.

I boka blir du kjent med lobotomerte som fortel om kva dei opplevde, og nokre av dei som heltemodig kjempa for rettferd for dei lobotomerte.

Anmeldelser av Lobotomert:

"Journalist og forfattar Oddrun Midtbø har gjeve oss ei vakkert utforma bok om eit dystert emne. ... Midtbø har lukkast med å reisa eit sterkt minnesmerke over lobotomioffera - med gripande og samstundes opprørande forteljingar om vanskelege liv og tragiske utfall av denne psykokirurgien."
- Haldor Slettebø - spesialist i nevrokirurgi, Dag og Tid
"For ei bok! Den er som ein grøssar. I dag er psykiatrien i krise. Boka er verdfull fordi den minner oss om det mørkaste kapitlet i psykiatriens historie i Norge: lobotomeringane og alle dei maktovergrepa som kunne skje i fleire tiår på dei lukka institusjonane."
- Knut Olav Åmås, Sitat send i mail til forfattar

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Midtbø, Oddrun
  • Forlag/Utgiver

    Lokal vare
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Norsk Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2025
  • Antall sider

    285
  • Emnekategori

    Europeisk historie, Medisinsk historie, Nevrokirurgi, Psykiatri
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788269323320

Kundeanmeldelser

Frakt og levering