1956 sette Anton og Johannes Prestnes opp ein liten verkstad i Prestnes, ei grend midt mellom Husnes og Sunde. Det nyskipa firmaet fekk namnet Brødrene Prestnes, og forretningsideen var å driva med båtbygging, røyrlegging og diverse mekaniske oppdrag. Dette var forløparen til dagens HMR, eit konsern med avdelingar i fire kommunar på Vestlandet og ein stadig aukande utanlandsk aktivitet. Etableringa av Sør-Norge Aluminium på Husnes var med og sette fart i utviklinga av HMR. Bedrifta fekk svært mange oppdrag for aluminiumsfabrikken, og etter kvart også for andre smelteverk i inn- og utland. I dag framstår konsernet som ein totalleverandør av tenester til aluminiumssmelteverk, både når det gjeld vedlikehald, anode- og katodeprodukt, køyretøy m.m. Utviklinga frå ein liten verkstad til eit moderne konsern har gått gradvis. Selskapet har drive etter sunne økonomiske prinsipp og bygt seg opp steg for steg, men heile tida med ein klar vilje til vidare vekst. HMR er eit godt døme på at det, trass i hard konkurranse frå lågkostland, er mogleg å driva lønsam industri i utkantkommunar på Vestlandet.