For Ä forstÄ oss sjÞlve og tida vi lever i, mÄ vi ogsÄ forstÄ historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bÞkene viser, er historia full av elende og vondskap, men ogsÄ lys og hÄp.
SÞndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det stÞrste steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i MÞre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drÞnn frÄ Tjellefjellet, men utan Ä forstÄ kva som var i gjÊre. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbÞlgjer fÞlgde raset. BÞlgjene slo 200 meter opp pÄ land. Bygningar og bÄtar vart tekne av vatnet. FÞrst morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet.
Dette er ei forteljing om raset og flodbÞlgjene, men ogsÄ om kor ulikt ulykka rÄka. Her som sÄ ofte ved naturkatastrofar, var det smÄkÄrsfolket som leid mest. Dette handlar ogsÄ om tida etterpÄ. Slike katastrofer fÞlgjer eit noksÄ tydeleg mÞnster: I nesten alle tilfelle er det vanleg Ä vende tilbake og byggje opp att pÄ den same staden. Typisk er ogsÄ glÞymsla. Etter ein kort periode vart det stille om dette raset. Det stÞrste steinraset i norsk historie vart sÄ godt som glÞymt.
Astor Furseth (f. 1940) er skredhistorikar og har vore tilknytt Norges geologiske undersÞkelse, der han har forska pÄ skred og andre naturkatastrofer i historisk perspektiv. Han har skrive bÄde skjÞnnlitteratur og fagbÞker, mellom anna Skredulykker i Norge og Dommedagsfjellet om Tafjordulykka.