Til hovedinnhold
Norli Bokhandel

Størjefeber - makrellstørja - kystfolk fortel

2022, Innbundet, Nynorsk

149,-399,-

Tilbud
Utilgjengelig
  • På lagerhos 99 butikker

Makrellstørja - den største tunfisken i verda - har i uminnelege tider vitja kysten vår, og folk har fiska og nytta han som matfisk. Forfattaren set søkelyset på kystfolket og har eit breitt perspektiv på det moderne norske størjefisket, prega av speiding, spenning og beinhardt arbeid. Eldre fiskarar blir som ungdom igjen når dei fortel frå dei gylne åra på 1950- og tidleg 1960-talet. Kystkvinnene skildrar livet heime medan mennene var på størjefisket. Boka har og med glimt frå eit mangfald av tilhøyrande næringar, og lesarane møter jamvel ein sushi-kokk, fritids- og sportsfiskarar og ein som forsøker å starte størjeoppdrett. Etter nærast ein kollaps i bestanden er det igjen tilløp til størjefeber når fisken er attende på kysten, men no innanfor eit forskingsbasert og nasjonalt og internasjonalt regulert fiske. Linda B. Karlsen har vakse opp på Askøy og Austevoll på Vestlandet, i ein familie der fiske alltid har stått sterkt. Faren var blant pionerane på størjefisket, og farfaren omkom på størjefisket midt på 1950-talet. Karlsen er no busett i Østfold. Ho er utdanna lektor. Karlsen interesserer seg for kyst- og lokalhistorie og likar å lytta til folk sine livshistorier. Tidlegare har ho skrive ei lokalhistorisk bok om slekta si.

Produktegenskaper

  • Forfatter

  • Bidragsyter

    Karlsen, Linda Beathe (Forfatter)
  • Forlag/utgiver

    Orkana
  • Format

    Innbundet
  • Språk

    Nynorsk
  • Utgivelsesår

    2022
  • Antall sider

    279
  • Kom i salg

    21. nov. 2022
  • Utgave nr.

    1
  • Nivå

    Voksen
  • Varenummer

    9788281045262

Kundeanmeldelser

Frakt og levering